tirsdag 9. desember 2008

Me er komne godt i gang med entreprenørskapet og har byrja å få inn litt peng. Bedrifta vår er delt i 4 greiner; grafisk design (nettsider, logo), kurs (datakurs), hendingar (synge på omsorgssenter) og foto, der kvar undergruppe har kvar sin sjef.

Det som er viktig under heile prosessen er:

·   God kommunikasjon. Både oss elevane imellom og mellom oss og kundane. Har me god kommunikasjon blir det mindre misforståingar, og lettare få til eit bra resultat.

·   Orden. Me har laga ein perm der me set inn alle ordreseidlar og formelle papir.

·   Fordeling av oppgåver. Alt arbeid skal fordelast på alle, for å hindre at alt arbeid fell på ein person.

Det er mykje arbeid, og mykje som skal gjerast. Men med London som mål er motivasjonen bra. Eit av oppdraga me har fått fekk me av Sfj Fylkesteater, der me skulle filme ein av førestillingane deira. Så tysdag 25.nov reiste eg og tre andre til Gaupne for å filme. Det å filme førestillinga gjekk ganske fint, etter at me hadde fått opp alt utstyret. Det var mørkare i rommet enn det me hadde trudd, så me fekk litt problem med lyset. Når me kom tilbake på skulen la me innpå filmen, å byrja å redigere. Redigeringa tok litt over ei veke, men no er me nesten ferdige. Alt som er igjen er litt småjustering på lyden, så kan me levere filmen.

mandag 27. oktober 2008

ENTREPRENØRSKAP

Me skal til London den 30. mars, og for å skaffe peng til turen starta me med entreprenørskap i klassen.  Me har to bedrifter, ei hovudbedrift, o
g ein underbedrift me har no i starten for å få inn litt startkapital. I hovudbedrifta vår, Mediaverket, kan folk bestille nettsider, logoar og div medierelaterte ting.  Underbedrifta vår er vaffelsal, der me sel vaffler på Sogningen Storsenter nokre timar kvar torsdag ettermiddag. Me har fått nokre oppdrag, og me har seld vaffler ein gang. Så me er endeleg igang med å få inn litt peng, etter mykje planlegging og forarbeid.

Kva er entreprenørskap?
Entreprenørskap vil seie å komme opp med ein forretningsidè og iverksetje ei bedrift. Her er ein link det det står litt forklarande om entreprenørskap:

Det krev mykje planlegging og arbeid: økonomioversikt og budsjett skal lagast, arbeidsoppgåver skal fordelast, målgruppa skal definerast, produkt skal utviklast, osv. Så me har i vertfall fått erfart at det er ein fordel å vere fleire til å starte ei bedrift. Eg er med i Medieverket saman med Andrine, Simon og Elin. Elin er dagleg leiar, Simon er marknadsføringssjef, Andrine er økonomiansvarleg, og er er assisterande økonomiansvarleg. Me har fått inn nokre oppdrag, f.eks eit der Simon skal lage ei nettside. Me har òg pratt om å starte med datakurs for eldre, der me har enkel gjennomgang av word, power point, internett og e-post. Men det er ikkje heilt klart enda. 

Oppgåva mi i alt dette er som sagt assisterande okønimisjef, der eg hjelper Andrine med økonomien til Medieverket. Me har oppretta kon
to i banken, og skal lage ein litt betre oversikt over inntekter og utgifter til bedrifta. Ellers har eg òg, som alle andre i klassen, ringt rund til maange og spurt om sponsing til Eid-turen. 


So te vaorn ska me nok komma oss te London, før peing 
me ha jobba hardt før å tjent sjøl i vaor eigi bedrift:)


onsdag 21. mai 2008

tirsdag 20. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning

Tysdag 20:

No er me ferdige med filmen! :) Me fekk hjelp av Ragnvald til å fryse bildet på slutten, og så justerte me litt på lyden. Me har òg brent filmen over på cd. 

Ellers har eg og Siri Ann kome godt igang med presentasjonen vår, så me skal vere klare til å framføre den i morgo. Rapporten er me òg ferdige med.

Rapportskriving. :)

mandag 19. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning


Måndag 19:

I dag har me gjort filmen ferdig, det einaste me har att er å fryse bildet på slutten. Men det må me ha hjelp til. Og lyden er endeleg ferdig. :) Ellers har me skreve blogg og rapport og eg og Siri Ann har byrja på Power Point framføringa me skal ha. 


Prosjekt til Fordjupning


Screenshot frå redigeringa av filmen. 

søndag 18. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning

Ein av reklamefilmane me fann på youtube til inspirasjon. :)

http://www.youtube.com/watch?v=iHCpKSblB74 

fredag 16. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning

Fredag 16:

Me byrja dagen med to imar undervisning av Per Magne Sviggum. Han er grafisk designar og driv eit eige firma, Sviggum Design. Det var lærerikt, og me fekk lære alt frå fargekombinasjon til korleis me skal plassere oss rundt eit bord. Me fekk inspirasjon til korleis me skal bygje opp eit produkt, og korleis me skal markedsføre det. 

Etter mat sat me på redigeringsrommet og finpussa litt på filmen. Me har løyst dei fleste av lydproblema våre, så no er me igrunn ferdige med filmen. Det einaste me har igjen er å fryse eit bilde på slutten, men det må me ha hjelp av Ragnvald til. 

Ellers har me begynt på rapporten, og er komne bra igang med den. 

tirsdag 13. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning

På Storyboard:
-Stad

Siri Ann redigerer på filmen i Final Cut. Her jobbar ho med lyden.


Prosjekt til Fordjupning

Tysdag 13:

Me byrja dagen med undervisning av Thomas Morel. Han fortalte om foto, både å ta bra bilder, og å leve av bilder. Lærte mykje, men det artigaste var å vere i studioet has der han jobba. Eg å Siri Ann var så heldige at me fekk vere modellar. Thomas var kjempeflink, og det var interessangt å sjå/høyre på han.

Etter mat byrja me med redigeringa av filmen. Me har justert lyden, men me treng hjelp av Ragnvald (som sjølvsagt ikkje var på skulen idag..). Me har óg lagt til sangen me skal ha, James Brown - I Feel Good. Det var artigt å sjå filmen med lyd. Me er eigentleg gaske snart ferdige med filmen, men me må ha litt hjelp av Ragnvald. Så me satsar på at han kjem att snart.

Me har såvidt byrja på rapportane idag, og me reknar med at me blir ferdige med film/redigering på fredag. :)
Screenshot frå redigeringa

Prosjekt til Fordjupning

Fredag 9:

Me byrja dagen med to timar karakterbygging med Albertine. Me lagde eigne tankekart, og bygde eigne karakterar ut i frå tankekartet. Eg lagde fraskmannen Båtålf, som vart gift med Gullborg. Etterpå sat me saman to og to og lagde historiar der karakterane møttest. Eg var med Heidi lagde ei historie der karakterane våres, Båtålf og Åmil, møttest. Ganske artigt å høyre historiane til dei andre.

Etter dette gjekk me ned i redigeringsrommet der me gjekk gjennom filmen (som me la innpå dataen på onsdag). Me har alt sortert ut det me skal bruke og det me ikkje skal ha, så idag skal me jobba med overgangar og lyd. Me har litt problem med at lyden heng etter, så der må me ha hjelp av Ragnvald. Satsar på at han er på skulen på tysdag. På tysdag skal me òg legge til musikken. :)

Prosjekt til Fordjupning

Tysdag 6:

Hadde to timar undervisning med Bjørn Bergum, foto.

Etter mat fann me fram kamerautstyr og alt annart me trengde til filminga, før Ragnvald køyrde oss ned til hybelen til Siri Ann. På hybelen sat me opp utstyret, og venta på Inge Kjell. Inge Kjell kom ca. hal 4, og me byrja filminga litt før 4. Fyrst måtte Inge Kjell sminkast og feitast opp, deretter gjekk me gjennom manus og storyboard. Me var òg oppe ved skulen å filma.

Filminga gjekk utrule bra, og me vart igrunn fort ferdige. Me vart ganske så nøgde med resultatet.

mandag 5. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning

Måndag 5:

Hadde fyrst to timar avis med Synnøve Astrid.
Fram til klokka 13 skreiv me blogg, lagde plan og las bøker for inspirasjon.
Lagde embalasjen til slankeproduktet "Slim Pro" ferdig.
Slim Pro:)

tirsdag 29. april 2008

Prosjekt til Fordjupning

Tysdag 29:

I dei to fyrste timane hadde me undervisning med Ragnvald i lydeffektar.

I dei andre timane såg me film for å få inspirasjon. Me såg "City of God", ein film frå slummen i Brasil. Me fekk ein del tips om kameravinklar og lydeffektar.

prosjekt til Fordjupning

Måndag 28:

Hadde Inge Kjell i dei to fyrste timane, der me høyrde på radiosaker.

Me reiste frå skulen klokka 11 og gjekk ned på hybelen til Siri Ann, for det er der me skal filme dei fleste av scenane. På hybelen hennar fann me ut kvar me skal plassere kamera, og me gjekk gejnnom heile filmen. Me var òg innom på butikkar og såg etter embalasje til slankeproduktet.

Prosjekt til Fordjupning

Fredag 25:

Hadde fyrst to timar undervisning med Daniel Volle om korleis ein lagar god film, og lagde deretter storyboard til filmen vår. På storyboardet skreiv me kameravinkel, utsnitt, skodespelarar, stad, lengd og lyd.

Filmen me skal lage er ein reklamefilm om slankeproduktet "Slim Pro." Ein stor mann vaknar av vekkeklokka kl. 06.00 og står opp. Ser seg sjølv i spegelen og sukkar tungt. Den store mannen kjem joggande mot kamera, tungpusta og med store sveitteringar. To damer joggar fint forbi han, ser litt nedlatande på han. Ei veltrent dame kjem, og reklamerar for produktet direkte inn i kameraet. Kastar ifrå seg produktet, stor mann plukkar det opp og les på det. Stor mann kjem heim og set frå seg ein handlepose. Tek opp slankeproduktet, og tek ein slurk. Kjem inn i sin eigen verden, der han har fine damer rundt seg. Vaknar frå draumen. Stor mann vaknar av vekkerklokka kl. 06.00 og står opp. Ser seg sjølv i spegelen, peikar på seg sjølv, og gliser nøgd. Den veltrente dama seier "Har du det bra med deg sjølv, har du det bra med andre."

mandag 14. april 2008

Siste dagen

Fredag var eg i butikken heile dagen. Eg printa ut bilder, prisa rammer og litt annart div småting.

Fjerde dagen

Torsdagen tok eg bilder nesten heile dagen, for Vidar var på oppdrag ein annan plass. Eg gjekk rundt i sentrum og tok litt bilder, og var i butikken resten av dagen.

onsdag 9. april 2008

Tredje dagen

I dag har eg for det meste gått rundt i Førde og teke bilder for meg sjøl på føremiddagen, mens på ettermiddagen var eg i butikken. Der pakka eg inn bilder som var klare til levering.

Andre dagen

Andre dagen i Førde, vart litt bedre, og eg fekk gjort litt meir. Fekk òg låne kamera so eg gjekk rundt i Førde sentrum og tok bilder.

mandag 7. april 2008

Utplassering

Denna veka har me utplassering, og eg havna hjå Fotograf Helle i Førde.

Denna fyrste dagen har eg ikkje gjort så mykje, men gått rundt og sett meg om i butikken og i fotostudioet. Eg har og våre med Vidar Helle, sjefen, når han tok bilde av ein liten onge.

Einaste tanken eg har etter denna fyrste dagen, er at eg ikkje kan tenkja meg å bli fotograf. Hobbyfotograf er greit, men ikkje som yrke. Men satsa på at dagen i morgon bli betre, å at eg kanskje får gjort litt meir.

tirsdag 5. februar 2008

Når me var på klassetur til Oslo hadde me i oppgåve å ta bilder, som representerte "Mitt Oslo." Bildene mine har eg lagt ut på Flickr, lenka er under.

Bilda har eg teke rundt om i Oslo, og eg har prøvd å få med det eg tenkjer på når eg høyrer Oslo. Som bilar, kø, trikk/t-bane, grafitti og andre diverse ting. Vart eigentleg ganske nøgd med dei fleste bilda, og fargana vert ganske gode.

lørdag 2. februar 2008

Oslo

http://www.flickr.com/photos/13440558@N06/show/

Lenka til Flickr. Slideshow på bilder frå Oslo.

onsdag 9. januar 2008



Siluett, laga i Illustrator.

Bokstavkomposisjon



Bokstavkomposisjon, laga i Illustrator. Den øverste er kaos som utrykkjer glede, og den nederste er harmoni som uttykkjer glede.