Fredag 25:
Hadde fyrst to timar undervisning med Daniel Volle om korleis ein lagar god film, og lagde deretter storyboard til filmen vår. På storyboardet skreiv me kameravinkel, utsnitt, skodespelarar, stad, lengd og lyd.
Filmen me skal lage er ein reklamefilm om slankeproduktet "Slim Pro." Ein stor mann vaknar av vekkeklokka kl. 06.00 og står opp. Ser seg sjølv i spegelen og sukkar tungt. Den store mannen kjem joggande mot kamera, tungpusta og med store sveitteringar. To damer joggar fint forbi han, ser litt nedlatande på han. Ei veltrent dame kjem, og reklamerar for produktet direkte inn i kameraet. Kastar ifrå seg produktet, stor mann plukkar det opp og les på det. Stor mann kjem heim og set frå seg ein handlepose. Tek opp slankeproduktet, og tek ein slurk. Kjem inn i sin eigen verden, der han har fine damer rundt seg. Vaknar frå draumen. Stor mann vaknar av vekkerklokka kl. 06.00 og står opp. Ser seg sjølv i spegelen, peikar på seg sjølv, og gliser nøgd. Den veltrente dama seier "Har du det bra med deg sjølv, har du det bra med andre."
tirsdag 29. april 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar