tirsdag 9. desember 2008

Me er komne godt i gang med entreprenørskapet og har byrja å få inn litt peng. Bedrifta vår er delt i 4 greiner; grafisk design (nettsider, logo), kurs (datakurs), hendingar (synge på omsorgssenter) og foto, der kvar undergruppe har kvar sin sjef.

Det som er viktig under heile prosessen er:

·   God kommunikasjon. Både oss elevane imellom og mellom oss og kundane. Har me god kommunikasjon blir det mindre misforståingar, og lettare få til eit bra resultat.

·   Orden. Me har laga ein perm der me set inn alle ordreseidlar og formelle papir.

·   Fordeling av oppgåver. Alt arbeid skal fordelast på alle, for å hindre at alt arbeid fell på ein person.

Det er mykje arbeid, og mykje som skal gjerast. Men med London som mål er motivasjonen bra. Eit av oppdraga me har fått fekk me av Sfj Fylkesteater, der me skulle filme ein av førestillingane deira. Så tysdag 25.nov reiste eg og tre andre til Gaupne for å filme. Det å filme førestillinga gjekk ganske fint, etter at me hadde fått opp alt utstyret. Det var mørkare i rommet enn det me hadde trudd, så me fekk litt problem med lyset. Når me kom tilbake på skulen la me innpå filmen, å byrja å redigere. Redigeringa tok litt over ei veke, men no er me nesten ferdige. Alt som er igjen er litt småjustering på lyden, så kan me levere filmen.

Ingen kommentarer: