tirsdag 13. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning

Tysdag 13:

Me byrja dagen med undervisning av Thomas Morel. Han fortalte om foto, både å ta bra bilder, og å leve av bilder. Lærte mykje, men det artigaste var å vere i studioet has der han jobba. Eg å Siri Ann var så heldige at me fekk vere modellar. Thomas var kjempeflink, og det var interessangt å sjå/høyre på han.

Etter mat byrja me med redigeringa av filmen. Me har justert lyden, men me treng hjelp av Ragnvald (som sjølvsagt ikkje var på skulen idag..). Me har óg lagt til sangen me skal ha, James Brown - I Feel Good. Det var artigt å sjå filmen med lyd. Me er eigentleg gaske snart ferdige med filmen, men me må ha litt hjelp av Ragnvald. Så me satsar på at han kjem att snart.

Me har såvidt byrja på rapportane idag, og me reknar med at me blir ferdige med film/redigering på fredag. :)
Screenshot frå redigeringa

Ingen kommentarer: