fredag 16. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning

Fredag 16:

Me byrja dagen med to imar undervisning av Per Magne Sviggum. Han er grafisk designar og driv eit eige firma, Sviggum Design. Det var lærerikt, og me fekk lære alt frå fargekombinasjon til korleis me skal plassere oss rundt eit bord. Me fekk inspirasjon til korleis me skal bygje opp eit produkt, og korleis me skal markedsføre det. 

Etter mat sat me på redigeringsrommet og finpussa litt på filmen. Me har løyst dei fleste av lydproblema våre, så no er me igrunn ferdige med filmen. Det einaste me har igjen er å fryse eit bilde på slutten, men det må me ha hjelp av Ragnvald til. 

Ellers har me begynt på rapporten, og er komne bra igang med den. 

Ingen kommentarer: