onsdag 21. mai 2008

tirsdag 20. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning

Tysdag 20:

No er me ferdige med filmen! :) Me fekk hjelp av Ragnvald til å fryse bildet på slutten, og så justerte me litt på lyden. Me har òg brent filmen over på cd. 

Ellers har eg og Siri Ann kome godt igang med presentasjonen vår, så me skal vere klare til å framføre den i morgo. Rapporten er me òg ferdige med.

Rapportskriving. :)

mandag 19. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning


Måndag 19:

I dag har me gjort filmen ferdig, det einaste me har att er å fryse bildet på slutten. Men det må me ha hjelp til. Og lyden er endeleg ferdig. :) Ellers har me skreve blogg og rapport og eg og Siri Ann har byrja på Power Point framføringa me skal ha. 


Prosjekt til Fordjupning


Screenshot frå redigeringa av filmen. 

søndag 18. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning

Ein av reklamefilmane me fann på youtube til inspirasjon. :)

http://www.youtube.com/watch?v=iHCpKSblB74 

fredag 16. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning

Fredag 16:

Me byrja dagen med to imar undervisning av Per Magne Sviggum. Han er grafisk designar og driv eit eige firma, Sviggum Design. Det var lærerikt, og me fekk lære alt frå fargekombinasjon til korleis me skal plassere oss rundt eit bord. Me fekk inspirasjon til korleis me skal bygje opp eit produkt, og korleis me skal markedsføre det. 

Etter mat sat me på redigeringsrommet og finpussa litt på filmen. Me har løyst dei fleste av lydproblema våre, så no er me igrunn ferdige med filmen. Det einaste me har igjen er å fryse eit bilde på slutten, men det må me ha hjelp av Ragnvald til. 

Ellers har me begynt på rapporten, og er komne bra igang med den. 

tirsdag 13. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning

På Storyboard:
-Stad

Siri Ann redigerer på filmen i Final Cut. Her jobbar ho med lyden.


Prosjekt til Fordjupning

Tysdag 13:

Me byrja dagen med undervisning av Thomas Morel. Han fortalte om foto, både å ta bra bilder, og å leve av bilder. Lærte mykje, men det artigaste var å vere i studioet has der han jobba. Eg å Siri Ann var så heldige at me fekk vere modellar. Thomas var kjempeflink, og det var interessangt å sjå/høyre på han.

Etter mat byrja me med redigeringa av filmen. Me har justert lyden, men me treng hjelp av Ragnvald (som sjølvsagt ikkje var på skulen idag..). Me har óg lagt til sangen me skal ha, James Brown - I Feel Good. Det var artigt å sjå filmen med lyd. Me er eigentleg gaske snart ferdige med filmen, men me må ha litt hjelp av Ragnvald. Så me satsar på at han kjem att snart.

Me har såvidt byrja på rapportane idag, og me reknar med at me blir ferdige med film/redigering på fredag. :)
Screenshot frå redigeringa

Prosjekt til Fordjupning

Fredag 9:

Me byrja dagen med to timar karakterbygging med Albertine. Me lagde eigne tankekart, og bygde eigne karakterar ut i frå tankekartet. Eg lagde fraskmannen Båtålf, som vart gift med Gullborg. Etterpå sat me saman to og to og lagde historiar der karakterane møttest. Eg var med Heidi lagde ei historie der karakterane våres, Båtålf og Åmil, møttest. Ganske artigt å høyre historiane til dei andre.

Etter dette gjekk me ned i redigeringsrommet der me gjekk gjennom filmen (som me la innpå dataen på onsdag). Me har alt sortert ut det me skal bruke og det me ikkje skal ha, så idag skal me jobba med overgangar og lyd. Me har litt problem med at lyden heng etter, så der må me ha hjelp av Ragnvald. Satsar på at han er på skulen på tysdag. På tysdag skal me òg legge til musikken. :)

Prosjekt til Fordjupning

Tysdag 6:

Hadde to timar undervisning med Bjørn Bergum, foto.

Etter mat fann me fram kamerautstyr og alt annart me trengde til filminga, før Ragnvald køyrde oss ned til hybelen til Siri Ann. På hybelen sat me opp utstyret, og venta på Inge Kjell. Inge Kjell kom ca. hal 4, og me byrja filminga litt før 4. Fyrst måtte Inge Kjell sminkast og feitast opp, deretter gjekk me gjennom manus og storyboard. Me var òg oppe ved skulen å filma.

Filminga gjekk utrule bra, og me vart igrunn fort ferdige. Me vart ganske så nøgde med resultatet.

mandag 5. mai 2008

Prosjekt til Fordjupning

Måndag 5:

Hadde fyrst to timar avis med Synnøve Astrid.
Fram til klokka 13 skreiv me blogg, lagde plan og las bøker for inspirasjon.
Lagde embalasjen til slankeproduktet "Slim Pro" ferdig.
Slim Pro:)