tirsdag 27. januar 2009

Fjellsport-festivalen

Me fekk ei oppgåve der me skulle lage ein banner til ein nett-annonse for Fjellsport Festivalen. 

onsdag 7. januar 2009

Portefolio, Lyd

I haust fekk me oppgåve med radio, der me skulle lage ein reportasje. Me vart delt i grupper på to og to, og eg enda opp med Siri Ann. Me bestemte oss for å lage eit innslag med temaet "haust", fordi det var aktuelt og fordi det ikkje var nokon andre begivenheiter som skjedde på det tidspunktet. Me ville lage einslags enkèt, der me spurde folk me møtte på kva dei meinte om hausten, og kva planar dei hadde i haustferien. 

Me reiste inn til Luster, og gjekk inn på daglegvarebutikken, bakeriet og omsorgssenteret. Me møtte berre hyggjelege folk, og dei fleste sa ja til å bli intervjua. Men nokre vart litt skeptiske når dei fann ut at det vart gjort opptak av dei. Etter at me hadde fått ferdige opptaka, skreiv me blokkene. Eg skreiv ei innleiing, avslutning, og ei blokk mellom kvart av dei 4 intervju-innslaga. Me skreiv kvar våre blokker, men brukte dei same lydklippa. Etter at me hadde fått lagt klippa inn på dataen gjekk det ganske fort med redigeringa. Eg valde ut dei beste klippa og justerte lyden på dei, ellers gjorde eg ikkje så mykje med sjølve lyden sidan det vart ganske bra opptak. 

Læreplanmål:
* Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjoner i tekst, bilde og lyd, og kombinasjoner av desse i ulike formater og til ulike medier
* Bruke komposisjonsprinsipper innen tekst, bilde og lyd og drøfte hvordan de ulike elementene påvirker hverandre

Vurdering: 
Eg er ganske fornøgd med reportasjen. Temaet kjem lett fram i både intervjua og i blokkene, og eg valde å leggje blokk mellom kvart av intervjua for å få litt meir variasjon. Om det fyrst berre hadde vore ei lang blokk, og deretter berre intervju, hadde det vore ei keisam sak å høyre på for lyttarane. Det har vore eit særs lærerikt prosjekt, der eg tykkjer eg lærde meg Soundtrack Pro ganske godt. Eg hadde ikkje sett meg så godt inn i det programmet før, men føler eg meistrar det ganske bra etter dette prosjektet. Ein ting eg kunne gjordt annleis er at eg kunne hatt miljøkontentum heilt i byrjinga før innleiinga, og miljøkontentum i butikken før intervjuet med Øystein Høyheim. Utanom det er eg nøgd med resultatet, og det var ei kjekt prosjekt å jobbe med! 

Portefolio, Film

Me hadde filmprosjekt, og eg, Sigrid, Siri Ann og Heidi valde å lage ein reklamefilm. Me melde oss på ein konkurranse for Axe, der me skulle lage ein reklamefilm for produktet deira. Idèen me kom opp med var mest tull i byrjinga, men etterkvart fann me ut at den ikkje var så dum likevel. Den gjekk ut på at ein bonde skulle samle inn kyre sine, men dei ville ikkje komme. Han går bort til bilen sin, sprayar seg med Axe, og då kjem alle dyra springande etter han. Også ein traktor med ei dame i skuffa og ein hund fylgjer etter, for å verkeleg få fram tiltrekkingskrafta til Axe. 

Me brukte ein del tid på planlegginga og teikning av storyboard, for det er viktig å ha god oversikt over det me skal gjere. På storyboardet tegna me scena, skreiv me ned kameravinkel, lyd, skodespelarar og kor lang scena var. Me reiste inn til Luster for å filme, og me fekk filma alt ferdig på ein dag. Det var litt dårleg vêr, men med paraply over utstyret gjekk det bra. 

Når me byrja med redigeringa fann me fort ut at me hadde filma nokre scener for langt vekke, så dei måtte me ta opp att på nytt. Etter at me gjorde det vart det mykje betre, og me brukte klipp frå både fyrste og andre filminga. Det største problemet me møtte på var at filmen vår vart over 1minutt lang når me var ferdig med den, og ein av reglane til konkurransen var at filmen ikkje kunne vere lengre enn 30sek. Så mykje klipping måtte til, men me fekk det til.

Me vann diverre ikkje konkurransen på Axe, men me vart nominerte til ein pris på Q-film festivalen på Sandane, og me fekk terningkast 4 på sol.no. 

Læreplanmål:
* Bruke ulike former for fortellarteknikkog dramaturgi i eigne tekst-, bilde, og lydproduksjonar og kombinasjonar av desse, og begrunna valget.
* Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjonar i tekst, bilde og lyd, og kombinasjonar av desse i ulike formater og ulike medium. 

Vurdering:
Me hadde det kjempekjekt under innspelinga, sjølv om kyra ikkje alltid var like samarbeidsvillige. Det måtte eindel opptak til før me vart fornøgde, men det vart me så absolutt. Sjølv om me er nøgde med sluttresulatet av filmen, tykte me alle at den var betre før me kutta den ned til 30 sek. Når den var 1 minutt lang kom poenget betre fram, men me håpar at folk skjønte den likevel. :)

Filmen kan du sjå her

tirsdag 6. januar 2009

Portefolio, Fotocollage


Me fekk ei oppgåve i haust å lage ein fotocollage samansatt av 3-4 bilder. Temaet fekk me bestemme sjølv, og eg valde "regndropar i sollys."

Eg fann mange fine motiv, for det hadde vore frost om natta og difor vart alle blomstrar og busker fulle av vatn når sola kom.  Eg brukte stort blendartal når eg tok bileta, for å få liten djupneskarpheit. Då kjem sjølve motivet betre fram, å det skapar ein balansert spenning i bildet. 

Eg har beskjært alle bilda for å fjerne forstyrrande element, og prøvde meg fram lenge med plasseringa av bilda. Eg auka kontrasten litt i alle bilda, og gjorde grøn- og raudfargen litt sterkare. Sollyset framheva vassdropane naturleg, så eg gjorde ikkje så mykje med dei. 

Læreplanmål: 
* Bruke blender, lukker, brennvidder og ISO-verdier på kamera
* Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjoner i tekst, bilder, lyd og kombinasjoner av disse i ulike formater og til ulike medier

Vurdering:
Eg brukte lang tid på småjusteringar i redigeringa, både med fargar og beskjæring. Men eg vart ferdig, og ganske fornøgd med sluttresultatet. Likar sjølv best bildet til høgre, med det lange bladet. Det gir kjensle av djupn i bildet, og gir litt meir liv. Vile ha avstand mellom bilda fordi eg tykkjer det skapar ei fin effekt, og tykte ikkje det passa å ha dei heilt atme kvarandre. Prøvde meg fram med ulike bakgrunnsfargar, og enda opp med svart bakgrunn fordi lyse fargar ikkje passa inn til temaet haust, og svart framhevar bileta. Det gylne snitt er brukt på bildet nede til venstre, av dråpen på jordbærbladet. Sidan dråpen ligg til venstre i bildet skapar det balanse i heile collagen, og veg opp til at det er eit såpass stort blikkfang i bildet til høgre. 

Tykkjer at det er ei fin stemning i bildet, spesielt med regndråpen som går att i alle bilda. Sjølve bilda tok ikkje så lang tid å ta, men eg brukte nokre timar i Photoshop på plassering og redigering. Eg er nøgd med det ferdige produktet, sjølv om eg fekk litt dårleg tid til finjusteringar på slutten. Eg lærde ganske mykje gjennom dette prosjektet, då spesielt i Photoshop. Vil ikkje påstå at eg kan så mykje i det programmet, men det kom seg betrakteleg under dette prosjektet. Men kjekt var det:)

tirsdag 9. desember 2008

Me er komne godt i gang med entreprenørskapet og har byrja å få inn litt peng. Bedrifta vår er delt i 4 greiner; grafisk design (nettsider, logo), kurs (datakurs), hendingar (synge på omsorgssenter) og foto, der kvar undergruppe har kvar sin sjef.

Det som er viktig under heile prosessen er:

·   God kommunikasjon. Både oss elevane imellom og mellom oss og kundane. Har me god kommunikasjon blir det mindre misforståingar, og lettare få til eit bra resultat.

·   Orden. Me har laga ein perm der me set inn alle ordreseidlar og formelle papir.

·   Fordeling av oppgåver. Alt arbeid skal fordelast på alle, for å hindre at alt arbeid fell på ein person.

Det er mykje arbeid, og mykje som skal gjerast. Men med London som mål er motivasjonen bra. Eit av oppdraga me har fått fekk me av Sfj Fylkesteater, der me skulle filme ein av førestillingane deira. Så tysdag 25.nov reiste eg og tre andre til Gaupne for å filme. Det å filme førestillinga gjekk ganske fint, etter at me hadde fått opp alt utstyret. Det var mørkare i rommet enn det me hadde trudd, så me fekk litt problem med lyset. Når me kom tilbake på skulen la me innpå filmen, å byrja å redigere. Redigeringa tok litt over ei veke, men no er me nesten ferdige. Alt som er igjen er litt småjustering på lyden, så kan me levere filmen.

mandag 27. oktober 2008

ENTREPRENØRSKAP

Me skal til London den 30. mars, og for å skaffe peng til turen starta me med entreprenørskap i klassen.  Me har to bedrifter, ei hovudbedrift, o
g ein underbedrift me har no i starten for å få inn litt startkapital. I hovudbedrifta vår, Mediaverket, kan folk bestille nettsider, logoar og div medierelaterte ting.  Underbedrifta vår er vaffelsal, der me sel vaffler på Sogningen Storsenter nokre timar kvar torsdag ettermiddag. Me har fått nokre oppdrag, og me har seld vaffler ein gang. Så me er endeleg igang med å få inn litt peng, etter mykje planlegging og forarbeid.

Kva er entreprenørskap?
Entreprenørskap vil seie å komme opp med ein forretningsidè og iverksetje ei bedrift. Her er ein link det det står litt forklarande om entreprenørskap:

Det krev mykje planlegging og arbeid: økonomioversikt og budsjett skal lagast, arbeidsoppgåver skal fordelast, målgruppa skal definerast, produkt skal utviklast, osv. Så me har i vertfall fått erfart at det er ein fordel å vere fleire til å starte ei bedrift. Eg er med i Medieverket saman med Andrine, Simon og Elin. Elin er dagleg leiar, Simon er marknadsføringssjef, Andrine er økonomiansvarleg, og er er assisterande økonomiansvarleg. Me har fått inn nokre oppdrag, f.eks eit der Simon skal lage ei nettside. Me har òg pratt om å starte med datakurs for eldre, der me har enkel gjennomgang av word, power point, internett og e-post. Men det er ikkje heilt klart enda. 

Oppgåva mi i alt dette er som sagt assisterande okønimisjef, der eg hjelper Andrine med økonomien til Medieverket. Me har oppretta kon
to i banken, og skal lage ein litt betre oversikt over inntekter og utgifter til bedrifta. Ellers har eg òg, som alle andre i klassen, ringt rund til maange og spurt om sponsing til Eid-turen. 


So te vaorn ska me nok komma oss te London, før peing 
me ha jobba hardt før å tjent sjøl i vaor eigi bedrift:)


onsdag 21. mai 2008