
Eg fann mange fine motiv, for det hadde vore frost om natta og difor vart alle blomstrar og busker fulle av vatn når sola kom. Eg brukte stort blendartal når eg tok bileta, for å få liten djupneskarpheit. Då kjem sjølve motivet betre fram, å det skapar ein balansert spenning i bildet.
Eg har beskjært alle bilda for å fjerne forstyrrande element, og prøvde meg fram lenge med plasseringa av bilda. Eg auka kontrasten litt i alle bilda, og gjorde grøn- og raudfargen litt sterkare. Sollyset framheva vassdropane naturleg, så eg gjorde ikkje så mykje med dei.
Læreplanmål:
* Bruke blender, lukker, brennvidder og ISO-verdier på kamera
* Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjoner i tekst, bilder, lyd og kombinasjoner av disse i ulike formater og til ulike medier
Vurdering:
Eg brukte lang tid på småjusteringar i redigeringa, både med fargar og beskjæring. Men eg vart ferdig, og ganske fornøgd med sluttresultatet. Likar sjølv best bildet til høgre, med det lange bladet. Det gir kjensle av djupn i bildet, og gir litt meir liv. Vile ha avstand mellom bilda fordi eg tykkjer det skapar ei fin effekt, og tykte ikkje det passa å ha dei heilt atme kvarandre. Prøvde meg fram med ulike bakgrunnsfargar, og enda opp med svart bakgrunn fordi lyse fargar ikkje passa inn til temaet haust, og svart framhevar bileta. Det gylne snitt er brukt på bildet nede til venstre, av dråpen på jordbærbladet. Sidan dråpen ligg til venstre i bildet skapar det balanse i heile collagen, og veg opp til at det er eit såpass stort blikkfang i bildet til høgre.
Tykkjer at det er ei fin stemning i bildet, spesielt med regndråpen som går att i alle bilda. Sjølve bilda tok ikkje så lang tid å ta, men eg brukte nokre timar i Photoshop på plassering og redigering. Eg er nøgd med det ferdige produktet, sjølv om eg fekk litt dårleg tid til finjusteringar på slutten. Eg lærde ganske mykje gjennom dette prosjektet, då spesielt i Photoshop. Vil ikkje påstå at eg kan så mykje i det programmet, men det kom seg betrakteleg under dette prosjektet. Men kjekt var det:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar