Me reiste inn til Luster, og gjekk inn på daglegvarebutikken, bakeriet og omsorgssenteret. Me møtte berre hyggjelege folk, og dei fleste sa ja til å bli intervjua. Men nokre vart litt skeptiske når dei fann ut at det vart gjort opptak av dei. Etter at me hadde fått ferdige opptaka, skreiv me blokkene. Eg skreiv ei innleiing, avslutning, og ei blokk mellom kvart av dei 4 intervju-innslaga. Me skreiv kvar våre blokker, men brukte dei same lydklippa. Etter at me hadde fått lagt klippa inn på dataen gjekk det ganske fort med redigeringa. Eg valde ut dei beste klippa og justerte lyden på dei, ellers gjorde eg ikkje så mykje med sjølve lyden sidan det vart ganske bra opptak.
Læreplanmål:
* Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjoner i tekst, bilde og lyd, og kombinasjoner av desse i ulike formater og til ulike medier
* Bruke komposisjonsprinsipper innen tekst, bilde og lyd og drøfte hvordan de ulike elementene påvirker hverandre
Vurdering:
Eg er ganske fornøgd med reportasjen. Temaet kjem lett fram i både intervjua og i blokkene, og eg valde å leggje blokk mellom kvart av intervjua for å få litt meir variasjon. Om det fyrst berre hadde vore ei lang blokk, og deretter berre intervju, hadde det vore ei keisam sak å høyre på for lyttarane. Det har vore eit særs lærerikt prosjekt, der eg tykkjer eg lærde meg Soundtrack Pro ganske godt. Eg hadde ikkje sett meg så godt inn i det programmet før, men føler eg meistrar det ganske bra etter dette prosjektet. Ein ting eg kunne gjordt annleis er at eg kunne hatt miljøkontentum heilt i byrjinga før innleiinga, og miljøkontentum i butikken før intervjuet med Øystein Høyheim. Utanom det er eg nøgd med resultatet, og det var ei kjekt prosjekt å jobbe med!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar