tirsdag 27. januar 2009

Fjellsport-festivalen

Me fekk ei oppgåve der me skulle lage ein banner til ein nett-annonse for Fjellsport Festivalen. 

onsdag 7. januar 2009

Portefolio, Lyd

I haust fekk me oppgåve med radio, der me skulle lage ein reportasje. Me vart delt i grupper på to og to, og eg enda opp med Siri Ann. Me bestemte oss for å lage eit innslag med temaet "haust", fordi det var aktuelt og fordi det ikkje var nokon andre begivenheiter som skjedde på det tidspunktet. Me ville lage einslags enkèt, der me spurde folk me møtte på kva dei meinte om hausten, og kva planar dei hadde i haustferien. 

Me reiste inn til Luster, og gjekk inn på daglegvarebutikken, bakeriet og omsorgssenteret. Me møtte berre hyggjelege folk, og dei fleste sa ja til å bli intervjua. Men nokre vart litt skeptiske når dei fann ut at det vart gjort opptak av dei. Etter at me hadde fått ferdige opptaka, skreiv me blokkene. Eg skreiv ei innleiing, avslutning, og ei blokk mellom kvart av dei 4 intervju-innslaga. Me skreiv kvar våre blokker, men brukte dei same lydklippa. Etter at me hadde fått lagt klippa inn på dataen gjekk det ganske fort med redigeringa. Eg valde ut dei beste klippa og justerte lyden på dei, ellers gjorde eg ikkje så mykje med sjølve lyden sidan det vart ganske bra opptak. 

Læreplanmål:
* Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjoner i tekst, bilde og lyd, og kombinasjoner av desse i ulike formater og til ulike medier
* Bruke komposisjonsprinsipper innen tekst, bilde og lyd og drøfte hvordan de ulike elementene påvirker hverandre

Vurdering: 
Eg er ganske fornøgd med reportasjen. Temaet kjem lett fram i både intervjua og i blokkene, og eg valde å leggje blokk mellom kvart av intervjua for å få litt meir variasjon. Om det fyrst berre hadde vore ei lang blokk, og deretter berre intervju, hadde det vore ei keisam sak å høyre på for lyttarane. Det har vore eit særs lærerikt prosjekt, der eg tykkjer eg lærde meg Soundtrack Pro ganske godt. Eg hadde ikkje sett meg så godt inn i det programmet før, men føler eg meistrar det ganske bra etter dette prosjektet. Ein ting eg kunne gjordt annleis er at eg kunne hatt miljøkontentum heilt i byrjinga før innleiinga, og miljøkontentum i butikken før intervjuet med Øystein Høyheim. Utanom det er eg nøgd med resultatet, og det var ei kjekt prosjekt å jobbe med! 

Portefolio, Film

Me hadde filmprosjekt, og eg, Sigrid, Siri Ann og Heidi valde å lage ein reklamefilm. Me melde oss på ein konkurranse for Axe, der me skulle lage ein reklamefilm for produktet deira. Idèen me kom opp med var mest tull i byrjinga, men etterkvart fann me ut at den ikkje var så dum likevel. Den gjekk ut på at ein bonde skulle samle inn kyre sine, men dei ville ikkje komme. Han går bort til bilen sin, sprayar seg med Axe, og då kjem alle dyra springande etter han. Også ein traktor med ei dame i skuffa og ein hund fylgjer etter, for å verkeleg få fram tiltrekkingskrafta til Axe. 

Me brukte ein del tid på planlegginga og teikning av storyboard, for det er viktig å ha god oversikt over det me skal gjere. På storyboardet tegna me scena, skreiv me ned kameravinkel, lyd, skodespelarar og kor lang scena var. Me reiste inn til Luster for å filme, og me fekk filma alt ferdig på ein dag. Det var litt dårleg vêr, men med paraply over utstyret gjekk det bra. 

Når me byrja med redigeringa fann me fort ut at me hadde filma nokre scener for langt vekke, så dei måtte me ta opp att på nytt. Etter at me gjorde det vart det mykje betre, og me brukte klipp frå både fyrste og andre filminga. Det største problemet me møtte på var at filmen vår vart over 1minutt lang når me var ferdig med den, og ein av reglane til konkurransen var at filmen ikkje kunne vere lengre enn 30sek. Så mykje klipping måtte til, men me fekk det til.

Me vann diverre ikkje konkurransen på Axe, men me vart nominerte til ein pris på Q-film festivalen på Sandane, og me fekk terningkast 4 på sol.no. 

Læreplanmål:
* Bruke ulike former for fortellarteknikkog dramaturgi i eigne tekst-, bilde, og lydproduksjonar og kombinasjonar av desse, og begrunna valget.
* Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjonar i tekst, bilde og lyd, og kombinasjonar av desse i ulike formater og ulike medium. 

Vurdering:
Me hadde det kjempekjekt under innspelinga, sjølv om kyra ikkje alltid var like samarbeidsvillige. Det måtte eindel opptak til før me vart fornøgde, men det vart me så absolutt. Sjølv om me er nøgde med sluttresulatet av filmen, tykte me alle at den var betre før me kutta den ned til 30 sek. Når den var 1 minutt lang kom poenget betre fram, men me håpar at folk skjønte den likevel. :)

Filmen kan du sjå her

tirsdag 6. januar 2009

Portefolio, Fotocollage


Me fekk ei oppgåve i haust å lage ein fotocollage samansatt av 3-4 bilder. Temaet fekk me bestemme sjølv, og eg valde "regndropar i sollys."

Eg fann mange fine motiv, for det hadde vore frost om natta og difor vart alle blomstrar og busker fulle av vatn når sola kom.  Eg brukte stort blendartal når eg tok bileta, for å få liten djupneskarpheit. Då kjem sjølve motivet betre fram, å det skapar ein balansert spenning i bildet. 

Eg har beskjært alle bilda for å fjerne forstyrrande element, og prøvde meg fram lenge med plasseringa av bilda. Eg auka kontrasten litt i alle bilda, og gjorde grøn- og raudfargen litt sterkare. Sollyset framheva vassdropane naturleg, så eg gjorde ikkje så mykje med dei. 

Læreplanmål: 
* Bruke blender, lukker, brennvidder og ISO-verdier på kamera
* Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjoner i tekst, bilder, lyd og kombinasjoner av disse i ulike formater og til ulike medier

Vurdering:
Eg brukte lang tid på småjusteringar i redigeringa, både med fargar og beskjæring. Men eg vart ferdig, og ganske fornøgd med sluttresultatet. Likar sjølv best bildet til høgre, med det lange bladet. Det gir kjensle av djupn i bildet, og gir litt meir liv. Vile ha avstand mellom bilda fordi eg tykkjer det skapar ei fin effekt, og tykte ikkje det passa å ha dei heilt atme kvarandre. Prøvde meg fram med ulike bakgrunnsfargar, og enda opp med svart bakgrunn fordi lyse fargar ikkje passa inn til temaet haust, og svart framhevar bileta. Det gylne snitt er brukt på bildet nede til venstre, av dråpen på jordbærbladet. Sidan dråpen ligg til venstre i bildet skapar det balanse i heile collagen, og veg opp til at det er eit såpass stort blikkfang i bildet til høgre. 

Tykkjer at det er ei fin stemning i bildet, spesielt med regndråpen som går att i alle bilda. Sjølve bilda tok ikkje så lang tid å ta, men eg brukte nokre timar i Photoshop på plassering og redigering. Eg er nøgd med det ferdige produktet, sjølv om eg fekk litt dårleg tid til finjusteringar på slutten. Eg lærde ganske mykje gjennom dette prosjektet, då spesielt i Photoshop. Vil ikkje påstå at eg kan så mykje i det programmet, men det kom seg betrakteleg under dette prosjektet. Men kjekt var det:)